Ingrid er 36 år og bur i Ulsteinvik, er gift og har tre barn.Med lang yrkeserfaring innanfor pedagogisk arbeid, solid fagleg bakgrunn i kristendom og musikk og eit tydeleg engasjement for kyrkja sitt arbeid, var Ulstein kyrkjelege fellesråd ikkje i tvil om at Ingrid ville vere den rette personen til å jobbe med trusopplæring for barn og ungdom i kyrkjelyden vår. Ingrid kjem frå ei stilling som allmennlærar frå Ulstein ungdomsskule. Vi ønskjer henne hjarteleg velkomen! Ingrid vil begynne i stillinga 1. februar 2020. Ho tek over etter at Wendi Sund Stråbø slutta som trusopplærar i Ulstein sokn 30. september 2019.
Kyrkjelydspedagog i Ulstein
Ingrid Madli Sæter er tilsett som kyrkjelydspedagog i Ulstein sokn, og ho byrjar i stillinga i starten av 2020.
